Bakgrunn: Maskinist og har jobba som det på båter, dei siste 14 årene har eg jobba på flyterigger. Har vore aktiv tillitsmann for maritimt personell på flyterigg dei siste 14 årene. Er også utdanna Agronom frå tidlegare.
Er spesielt opptatt av: At me må rå oss sjølv her i landet, dvs ut av internasjonale avtaler som overstyrer Norsk lov. Oljebransjen er ei næring som har tent landet godt så me må satse på og styrke oljenæringen. Tone kraftig ned det grøne skiftet. Noreg har mindre en 1 promille av verdas totale CO2 utslepp og om me kuttar alle våre utslepp vil det ikkje ha nokon effekt på temperaturen på jorda. Auka sjølvforsyningsgraden her i landet, ved å sørge for at bøndene har gode rammevilkår. Styrke forsvaret og gjenreise mobiliseringshæren.
Stoppe hodelaus elektrifisering innanfor samferdselssektoren. Stoppe offentlig eksperimentering med Hydrogen og Ammoniakk som drifstoffkjelder. Ta tilbake kontrollen over vasskrafta. Og slutte med vindkraftutbygging.
Eg vart med i INP fordi: landet trenger eit nytt parti som satser på Norske arbeidsplasser. Partiet vil ut av EØS avtalen og Parisavtalen.